Viser innlegg med etiketten Julekalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julekalender. Vis alle innlegg

24.12.2010

Luke 24

Dette innlegget er planlagt og skal etter planen bli publisert av seg sjølve. I dagens innlegg ser de nokre ting som har lege under diverse juletre i år. Nokre maleri, eit par soppar og ein "posepose", alstå ein pose til å ha posar i;)






Eg håpar de alle har hatt ein fin kveld og ynskjer dykk gode dagar framover!




23.12.2010

Luke 23

I dag er det jammen meg vesle julaftan, og det er tid for trekning av giveaway! Veldig kjekt at de alle ville vere med i trekninga!

Vinnaren er:  Morgenstemning!

Innlegget for 24. desember ligg allereie klart. Det blir publisert litt seint i morgon. Det er nemleg litt heimelaga julegåver som ligg og ventar;)


22.12.2010

Luke 22

Denne julepynten fekk eg av ei god venninne for nokre år sidan. Eg tykjer den er så utruleg søt at den kjem fram kvar jul.

Julen i et nøtteskall.

Det vesle Jesusbarnet ligg sjølvsagt i eit valnøttskal;)

(Siste sjanse til å vere med i giveawayen i dag. Trekning i morgon.)

21.12.2010

Luke 21

Juletreet er på plass og ferdig pynta. Juletrefoten står i ei stor bastkorg i år. Då slepp me små nysgjerrige fingrar oppi juletrefoten:) Så gjer det jo heller ikkje noko at det ser fint ut..;)



P.S. Hugs å melde deg på giveawayen min!

20.12.2010

Luke 20


Julebakst
Takk for oppskrift Linn:)

19.12.2010

Luke 19

Nei, dette bilete er dessverre ikkje tatt av meg...


Det er tatt av fotograf Jan Ivar Vik. Under dagens luke ligg det nemleg ei blogganbefaling. Eg oppdaga eigentleg denne bloggen gjennom vener og er så glad for det! Vik er særleg god på portrett og brudlaupsfotografi og det er det eg likar så godt med denne bloggen. Personlege og vakre bilete av menneske. Ofte med ein liten dæsj humor:)

Her har kanskje me bloggedamer noko å lære? Me treng ikkje alltid ha kvit lakenbakgrunn;) Flotte bilete teke heime i stova til dette nybakte paret.


Det som er særleg kjekt for oss som likar å knipse litt, er at han legg ut fototips! Nokre døme er tips om uklar bakgrunn på portrettbilete og fotografering i dårleg lys.

Trykk deg inn her for å lese fleire tips. Trykk her for å kome til framsida til denne flinke fotografen.

...................................................................

Sidan dette ikkje var eit særleg "julete" innlegg legg eg ved ein julesong i dag. Her er eit lite utdrag, det finaste verset i heile songen spør du meg:

Jeg sloss og jeg led, gjorde alt for å vinne
Da hørte jeg englene synge om fred
Legg våpnene ned, det er jul du må finne
en fred inni hjertet et sted


18.12.2010

Luke 18





 Nokre knips frå julestæsjet i huset i dag:)

17.12.2010

Luke 17



Dette syprosjektet blei laga i fjor og har blitt vist på bloggen min før. Men når ein har 24 luker å fylle må det då vere lov? Dessutan viste eg denne på den gamle bloggen min, så den er ny her;)

Juleposten som ikkje får plass på julekorthengjaren min får plass oppi denne. Her blir den godt vakta av to søte englar:)

16.12.2010

Luke 16


Under luka i dag ligg det ein pakke. Og den kan bli din:) Berre legg att ein kommentar i dette innlegget, og du er med i trekninga.

Kva som er inni pakken får vere ei lita overrasking, men eg kan seie såpass at det har noko med baking å gjere;) Eg skulle gjerne ha sydd eller laga noko til dykk, men nå er symaskinen satt vekk for jula. Tida mot jul fyk av garde så det minkar med tid til småpuslerier.

Du kan sjølvsagt vere med sjølv om du ikkje har blogg:)

Vinnaren blir trekt vesle julaftan!

15.12.2010

Luke 15


Sjerne laga av kakepapir. Fint og ikkje minst enkelt! Oppskrift finn du her.

14.12.2010

Luke 14




Julekorta i år blir hengt opp på denne heimemekka korthengjaren. Ein "julete" tråd med vanlege treklyper og ei kongle i enden.

Det finnes mange slike fine lekkjer i butikkane rundt om kring, men det måtte bli DIY(do it yourself) i år. Det har eigentleg blitt ein heil del DIY føre jula i år. Litt av grunnen er at eg har bestemt meg for å ikkje kjøpe noko julepynt denne jula. Om eg treng noko skal eg lage det... Eg har blitt freista til å kjøpe noko mange gonger, det finnest jo så mykje fint!! Men, eg faktisk klart å la vere (utanom nokre julekuler eg kjøpte før eg hadde bestemt meg..;)

Det er godt å bevise for seg sjølve at ting og pengar ikkje alltid gjer det betre/koselegare!

Vilkåra  for dette "prosjektet" er sjølvsagt at ein må tid og lyst til det...;)

13.12.2010

Luke 13


I går var me saman med med gode vener og laga/pynta peparkakehus.

Delane ligg klare for å bli limte saman med smelta sukker.


Det fyrste peparkakehuset er klart for pynting. Noko havnar på huset mens noko havnar i magen:)


Vårt peparkakehus.

Veslejenta vår var for liten (og for trøyt..) til å vere med på pyntinga i år. Difor nytte eg sjansen til å lage eit "fint" peparkakehus, men det var vanskelegare enn kva eg trudde....;) Neste år skal me ha peparkakehus med mykje snop og mange fargar:) DET blir nok eit flott peparkakehus det!

Vil du sjå eit fint peparkakehus? Sjekk her.

10.12.2010

Luke 11

Me er så heldige å ha eit stort kristorntre i hagen. I år har eg blant anna satt nokre kvister oppi eit babyglas. Idèen med å bruke desse babyglasa fekk eg hos ei kreativ "trillevenninne"! Ho hadde satt eit lys oppi, slik eg har gjort her. For å få lyset til å stå godt har eg sukker og nokre frø nedi flaska.



Juleførebuingane byrjar tidleg her i blogglandia. Eg tykjer eg ser juleinnlegg nesten heile hausten;) Det er tydeleg at me kosar oss med juleførebuingar, og det gjer eg og:)


Her er ein song av "Vinskvetten". Dei har vist ikkje heilt dei same kjenslene for jula...;)

Luke 10


Ei litt tidleg julegåve til nokre studievener.

09.12.2010

Luke 9

I luke 9 ligg ein dørkrans eg laga for nokre dagar sidan.


Kransen er laga av diverse greiner frå hagen. Etterpå har eg festa kristorn og kongler på. Eg fekk ikkje kransen litt å bli heilt rund, så eg måtte strame den med ein streng midt på for dra den saman, hehe... Kanskje eg klarar å lage ein perfekt rund krans neste år? Eventuelt kan eg late som om det var planlagt og hengje noko på strengjen. Til dømes eit lite "god jul" skilt?


Det har blitt ein god del "julemekking" i år. Grunnen er nok hovudsakeleg at eg har permisjon og dermed tid (og ikkje minst overskudd) til det. Eg får vel berre nyte det så lenge eg kan;)

08.12.2010

Luke 8



Desse soppane skulle eigentleg bli noko anna enn det dei er i dag. På grunn av upraktisk størrelse måtte eg finne på noko anna. Soppane er klipt ut i stoff og limt på papir med decopage. Deretter har eg stemla ordet blessing på baksida av dei.

Soppane har eg lagt ut på eplabutikken min:)

07.12.2010

Luke 7


For ei lita stund sia var eg innom bloggen spøt/ totlistrikk. Der såg eg desse herlege babyklutane! Eg spurde om det var mogleg å bestille ein, og det var det:)

Dermed havna denne lilla babykluten i postkassa vår i går. Ei lita adventsgåve til veslejenta:)

06.12.2010

Luke 6




Juleputene i år er sydd av stoff frå H&M. På putene har eg sydd på ein engel og brodert inn "God Jul".

05.12.2010

Luke 5


Nokon av dykk har kanskje registrert det, andre kanskje ikkje? Eg har fått min eigen Epla butikk! Her ligg blant anna korta mine og nokre maleri. Kjekt å ha ein stad der du kan leggje ut tinga du lagar.

For dei som ikkje er kjent med epla.no, er dette ein nettstad der kven som helst kan opne butikk. Som eit kjøpesenter på nett! Poenget med Epla er å auke tilgjengelegheit og sal av handlaga kvalitetsprodukt framfor masseprodusert bruk-og-kast. Heilt etter mitt hjarta;)