Viser innlegg med etiketten Før- etter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Før- etter. Vis alle innlegg

17.10.2012

"Ny" lampe på jenterommet



 

Ei lampe som ikkje er i bruk + remser av stoff + fargeprøvar frå Flugger

=

Ny lampe på jenterommet



06.10.2012

Ferdig!



Endeleg ferdig med "puffane"! 
Eit av fleire prosjekt som har blitt ståande;) 
Stoffet kjøpte eg på Stoff og stil for nokre år sidan.

30.09.2012

Et spark bak

Ja, av og til treng eg det. Dette er eit evighetsprosjekt som aldri blir avslutta... For eg har starta på det, nemleg. Eg får liksom berre ikkje gjort siste finish;) Så tenkte eg, at dersom eg la det ut på bloggen så fekk eg eit lite press på meg;) Så nå får det vere opp til deg å mase om ikkje resultatet dukkar opp om ei stund;)



To be continued....

23.08.2012

Hot or not, part 2

Og slik blei det altså:)

21.08.2012

Hot or not?

Kva seier du? Kanskje om eg malar den kvit?

18.08.2012

Bøker feil vei


Nokon har så mykje bøker, at dei kan plukke ut bøker i ein spesiell farge slik som Home by linn har gjort. Eg har nok ikkje like mange bøker å velgje mellom...MEN eg blei inspirert av Moa og Holmberg sitt online magazine.


Snu bøkene feil vei! Då får bokhylla plutseleg eit meir ryddig preg. 

Før:



Etter:


20.02.2012

Gamle rammer blir nye

Gamle rammer blir raskt litt "freshare" med eit par strøk maling:)



Slik var dei før:



30.10.2011

Hylle blir ny



Ei lita hylle kjøpt på den lokale brukthandlaren har fått eit strøk med maling. Det er litt vanskeleg å sjå på bildet, men hylla er lys lilla. På sidene har eg limt på tapet. Taperprøvar kan du bestille her.

08.10.2011

Dukkestol blir ny

Her ein dag kom eg over ein liten gløymd gyngestol i kjellaren. Den kjøpte eg på eit loppemarked for ei stund sidan. Me har maling og pensel lett tilgjengeleg for tida, så den vesle stolen fekk raskt eit par strøk.


Sidan dette er ein dukkestol, fekk stolen litt meir farge. 


11.09.2011

Eg har vist vunne:)


Tida fyk jammen og dei siste vekene har vore hektiske. Tid til surfing på andre bloggar har blitt nedprioritert. Difor vart eg mildt sagt overraska då eg i går kveld såg at eg hadde vunne utfordringen "fornyelse" i bloggen lidenskapelse! Eg har vore finalist og folk har stemt på meg og greier! Så eg må jo berre takke alle som har stemt på prosjektet mitt:) Dette var stas!


Nå har eg og klart å finne igjen "inspirasjonen" min til dette prosjektet. Det er malingsdamene som har lagt ut eit liknande prosjekt. Her kan du finne mange flotte prosjekt! Enjoy!

25.08.2011

Gammal bruskasse


Denne gamle bruskassen brukte mamma ein gong som hyller i hybelen sin. Sidan den gong har dei blitt brukt til litt av kvart. Som regel til å oppbevare diverse på loftet. Nå har eg arva dei, dratt dei ned frå loftet og plassert dei midt i stova:) Her er det goood plass til interiørblader og diverse;) Hjula har eg kjøpt på Biltema.

10.08.2011

Skap Det Selv- lekekomfyr av kommode

Mrs Hardy, som eg og skreiv om i førre innlegg, har laga ein ny blogg som heiter Lidenskapelse. Dette er ein samlingsstad for dei som likar å skapa noko.
Akkurat nå er det ei lita utfordring/ innsamling av "SDS"prosjekt (gjør det selv).
Difor tenkte eg det passa fint å vise sommarens prosjekt i dag:)


For nokre månadar fekk eg tak i denne vesle kommoden. Etter litt inspirasjon frå ein nettstad(som eg sjølvsagt ikkje finn nå...), laga eg ein komfyr av kommoden.


Kommoden har eg mala veldig lys blå. På skuffene har eg limt på tapetprøvar som eg har fått tak i her. Som kokeplater har limt på små vinylplater kjøpt på ein lokal bruktbutikk. Knottar kjøpt på kremmerhuset.

07.07.2011

Lysestakar blir kvite

På førre loppemarkedbesøk kjøpte eg meg blant anna nokre lysestakar i messing. Dei har eg spraylakka kvite. Eg kjøpte spray på biltema som eigentleg er rekna til felgar... Resultatet blei ok, men kvaliteten er kanskje ikkje det beste. Det skal nok ikkje så mykje til før fargen flassar. Det skal seiast at eg ikkje gjorde noko med lysestakane før eg spaya dei. Eg har blant anna ikkje pussa dei på nokon måte.

Nokon andre som har erfaringar med dette?

Her ser dykk forresten ei som har mala sine svarte. Lekkert det og:)

14.01.2011

Før- etter lysestake

Ein av dei gamle trelysestakane våre i mørkt tre har fått seg nokre strøk med kvitmaling. Den andre får vere slik den er:) Tykjer dei er fine når dei er mørke òg nemleg;)




18.11.2010

Ferdige barnemøblar

Då var barnemøblane ferdige! Eg brukte tapetprøvane eg fekk frå inreda.com til å deokrere med. Eg hadde ikkje nok til å dekke alle flater, så eg måtte skjære ut motiv og lime på med decopagelim. Så litt tid tok det...;) Litt usikker på om decopagen held, så eg vurderer å ha eit lag med lakk oppå. Me får sjå;)


08.11.2010

Nytt golv i heimen

På eit lite oppbevaringsrom har me mala golvet. For ei herleg kjensle! Golvet gjekk frå å vere mørkt og flekkete til å bli lyst, reint og fint:) Malingen me har brukt heiter Trestjerner og kan vistnok brukast oppå laminat og det heile.

I kveld har eg ein herleg kveld med kakao, bonderomantikk og god samvit;) Håpar du og kosar deg!

06.11.2010

Så var det dei møblane...

Barnemøblane er ferdig malte og ventar berre på eit eller anna som kan pynte litt opp. Eg veit eg lova ferdig prosjekt i løpet av veka, men det har dukka opp eit lite uventa tips! Eg var nemleg innom denne bloggen for nokre dagar sidan. Dama bak denne bloggen tipsa om ei nettside som heiter inreda.com. På denne sida kan du bestille 5 gratis tapetprøvar og kun betale porto! Deriblant den populære tapeten "pip"!



SÅ, eg vil difor vente på desse pøvane for å sjå om eg kan bruke dei på ein eller annan måte:)

Dersom du og vil ha nokre prøvar, gå inn her.

01.11.2010

Vekas prosjekt?

Hadde du slike møbler då du var liten?
Dette er barnemøblane eg og søskena mine brukte då me var små. Dei er godt brukte, og har tydelegvis blitt redda fleire gonger:) Nå står dei som eit oppussingprosjekt i kjellaren. Der har dei stått ei stund...
Dei har fått eit par strøk med maling, men skulle hatt eitt til. Etterpå tenkjer eg decopage- eit -eller- anna- stunt. Nå har eg altså satt meg eit mål. Desse skal ferdige i løpet av veka... Så får de berre mase dersom det ikkje kjem innlegg i løpet av veka;)