Julekorta i år blir hengt opp på denne heimemekka korthengjaren. Ein "julete" tråd med vanlege treklyper og ei kongle i enden.
Det finnes mange slike fine lekkjer i butikkane rundt om kring, men det måtte bli DIY(do it yourself) i år. Det har eigentleg blitt ein heil del DIY føre jula i år. Litt av grunnen er at eg har bestemt meg for å ikkje kjøpe noko julepynt denne jula. Om eg treng noko skal eg lage det... Eg har blitt freista til å kjøpe noko mange gonger, det finnest jo så mykje fint!! Men, eg faktisk klart å la vere (utanom nokre julekuler eg kjøpte før eg hadde bestemt meg..;)
Det er godt å bevise for seg sjølve at ting og pengar ikkje alltid gjer det betre/koselegare!
Vilkåra for dette "prosjektet" er sjølvsagt at ein må tid og lyst til det...;)