Viser innlegg med etiketten NIB. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NIB. Vis alle innlegg

08.10.2012

Bad



Utfordringa hos NIB (NorskeInteriørBlogger) denne månaden er bad. Her er eit par bilete frå vårt. Eg ser det er fleire i utfordringa som har sete vasken sin på ein gammal sjenk, så det er vist ikkje så voldsomt orginalt;) Om me har tenkt på å mala det kvitt? Fleire gonger:) Foreløpig er det den fargen det er, og slik kjem det nok til å vere ei god stund framover. Badeendene måtte vere med, slike ting er ein del av kvardagen her ser du;) Sjå fleire flotte bad her.

09.08.2012

Kreativ med tekstiler



Eg er vist ca eit døgn for sein til å vere med på NIB si utfordring denne månaden, men eg publiserar nå biletet likevel:) Utfordringa denne månaden var "Kreativ med tekstiler". Dette hadde nok kanskje ikkje vore det mest kreative innlegget, men biletet inneheld i alle fall tekstiler;) Eg vart litt usikker på nettopp det, om eit ullteppe kan kome under betegnelsen tekstiler. Difor googla eg det. I følge Wikipedia er tekstiler: ...en fellesbetegnelse på tøy og produkter som fremstilles ved å bruke tekstilfibre, det vil si tråd eller garn. Tekstiler lages ved hjelp av vevingspinningstrikkingheklingkniplingbroderingtoving eller på andre måter. Så veit du det;)

Teppet fekk me forresten til eldstejenta då ho vart fødd. Eg har blitt voldsomt glad i det teppet. Enkelt, fint og godt og varmt:) Fatet i forgrunnen kjøpte eg på Kremmerhuset for ei lita stund sidan. 


Sjå mange flotte bidrag på NIB si side.

22.07.2012

Innekos


Jaja, me får vel fortsetje med å kose oss inne medan me ventar på finveret...
Korleis er veret sjå deg?