Viser innlegg med etiketten Mine gull. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mine gull. Vis alle innlegg

17.10.2012

"Ny" lampe på jenterommet



 

Ei lampe som ikkje er i bruk + remser av stoff + fargeprøvar frå Flugger

=

Ny lampe på jenterommet



19.09.2012

Dåp






Då var dåpen vel overstått. Ein fin dag, og jammen blei me mette denne gongen og;)

Dåpskjolen er gammal og brukt av fleire i familien. Kjekt med ein kjole med litt historie:)

12.08.2012

Dåp i sikte

Dåpsdatoen er satt og eg har byrja å tenkje på bordpynting. 
Ein har tid til slik dilling når ein har permisjon veit du;)
Her er nokre flotte inspirerande bilder av Julia Hoersch.







09.07.2012

♥ ♥ ♥



Ventetida er over.
Ei vidunderleg jente er komen til verda.
Vår vidunderlege jente♥

Me gler oss til gode stunder saman med dette herlege vesenet:)

24.06.2012

Førebuingar

Nå er det under 2 veker til termin! Det er mykje som skal tenkjast på, men eg trur me skal væra nokså klar om ho skulle kome nå:) Eg har til og med fått ei flott bleiekake frå kollegaer, så bleier har me i alle fall:)


02.04.2012

Blogger-app

Testar ut blogger-appen med dette innlegget. Her er den finaste påskepynten me har i huset:) håpar de alle har ein fin og strålande dag!

23.03.2012

13.02.2012

Ei til prinsesse!



I juli er me så heldige å få bli foreldre att!
Det ser ut som det blir ei til lita prinsesse som kjem inn i familien:)
Me gler oss!

13.08.2011

Sommardressen


Denne dressen har me brukt mykje i sommar. Akkurat passe varm i denne "vi leker sommer" temperaturen. Så er den jo så søt:) Merket er norsk og heiter Mossi Suss. Fleire produkt finn du her.

Mange av produkta har påsydd tekst med fint budskap.
(P.S. Tusen takk for alle koselege kommentarar på førre innlegg! Så kjekt at de likte det:)