14.02.2011

G.I.D

Eg er ikkje så veldig oppteken av Valentinsdagen, men syntest dette biletet passa bra i dag.


Ein av fleire teoriar rundt valentinsdagen stammar frå det gamle Roma. Presten Valentin levde medan den vonde keisaren Claudius herska. Keisaren hadde bestemt at det var forbode å gifte seg, då han meinte at gifte menn var dårlege krigarar. Valentin gifta likevel forelska par. Då dei oppdaga dette vart han kasta i fengsel og drepen. Legenda seier at presten sendte det fyrste valentinbrevet medan han satt i fengsel. Han underteikna brevet "Frå din Valentin". I år 498 bestemte paven at 14. februar skulle vere Sankt Valentins dag.