Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

24.02.2013

Morgonstund



Ein kopp te, ein bit sjokolade og eit blad er eit herleg lite pust i pakken på morgonkvisten etter frukost og morgonstell. Når ein er heime i permisjon får ein faktisk oppleve det av og til;) Sjå fleire morgonøyeblikk inne hos NIB.

28.12.2012

Mest jul

Men nå er det nok jul frå denne kanten:) 
Håpar de alle har hatt fine dagar!



Julesokken til eldstejenta blei mekka saman på lille julaftan. 


13.12.2012

Meir jul









Nå byrjar det å bli julestemning i heimen 

I helga blir det pynting av juletre. Når juletreet er på plass blir det liksom skikkeleg jul. 
Kva er dine tankar rundt juletre? Ekte eller falskt? Når pleier du å pynte det/setje det opp? Kanskje du ikkje har juletre i heile tatt?

08.10.2012

Bad



Utfordringa hos NIB (NorskeInteriørBlogger) denne månaden er bad. Her er eit par bilete frå vårt. Eg ser det er fleire i utfordringa som har sete vasken sin på ein gammal sjenk, så det er vist ikkje så voldsomt orginalt;) Om me har tenkt på å mala det kvitt? Fleire gonger:) Foreløpig er det den fargen det er, og slik kjem det nok til å vere ei god stund framover. Badeendene måtte vere med, slike ting er ein del av kvardagen her ser du;) Sjå fleire flotte bad her.

23.08.2012

Hot or not, part 2

Og slik blei det altså:)

21.08.2012

Hot or not?

Kva seier du? Kanskje om eg malar den kvit?

18.08.2012

Bøker feil vei


Nokon har så mykje bøker, at dei kan plukke ut bøker i ein spesiell farge slik som Home by linn har gjort. Eg har nok ikkje like mange bøker å velgje mellom...MEN eg blei inspirert av Moa og Holmberg sitt online magazine.


Snu bøkene feil vei! Då får bokhylla plutseleg eit meir ryddig preg. 

Før:



Etter:


09.08.2012

Kreativ med tekstiler



Eg er vist ca eit døgn for sein til å vere med på NIB si utfordring denne månaden, men eg publiserar nå biletet likevel:) Utfordringa denne månaden var "Kreativ med tekstiler". Dette hadde nok kanskje ikkje vore det mest kreative innlegget, men biletet inneheld i alle fall tekstiler;) Eg vart litt usikker på nettopp det, om eit ullteppe kan kome under betegnelsen tekstiler. Difor googla eg det. I følge Wikipedia er tekstiler: ...en fellesbetegnelse på tøy og produkter som fremstilles ved å bruke tekstilfibre, det vil si tråd eller garn. Tekstiler lages ved hjelp av vevingspinningstrikkingheklingkniplingbroderingtoving eller på andre måter. Så veit du det;)

Teppet fekk me forresten til eldstejenta då ho vart fødd. Eg har blitt voldsomt glad i det teppet. Enkelt, fint og godt og varmt:) Fatet i forgrunnen kjøpte eg på Kremmerhuset for ei lita stund sidan. 


Sjå mange flotte bidrag på NIB si side.

16.06.2012

Nytt bilete på veggen




Mange av veggene i den nye stova har holdt seg nakne ei god stund nå. Etter kvart byrjar dei å fylles opp. Nå har den eine veggen blitt påkledd eit heimemekka maleri. Fordelen med å gjere det sjølv er jo at ein kan tilpasse det slik ein vil ha det. Og tillegg blir ikkje prisen eit problem;)

25.04.2012

Nokre knips frå kjøken





Det tek litt tid før ting tar form i nye rom her i huset..;) Ting blir flytta på, tenkt på og vurdert fram og tilbake. Men det gjer ikkje noko. Me har jo god tid?!

07.02.2012

NIB

Et lite bidrag til NIB si utfordring: vårlig vegg.

31.01.2012

Fabelaktig konkurranse!

Eg fekk litt hjartebank då eg såg at Fabelaktig hadde fotokonkurranse på gong. Hjartebanken kom då eg såg kva premien var, eit Nikon D5100 speilreflekskamera! Eg har sååå lyst på eit kamera med høgare ISO! For å vinne det, må du vise ditt beste interiørbilete. Eg har saumfara PCen etter interiørbilete, men det var ikkje mykje eg fann gitt... Men eg kan ikkje la vere å vere med, så her er eit av dei få eg fann.



Ei lita oppdatering: Eg ser at biletet passar til øyeblikk.net si konkurranse, og hiv meg på med same bilete der.

03.08.2011

Heime frå tur

Vekkreist frå husbygging.
Vekkreist frå uavbrutte nyheitsendingar.
Ei veke på hytta gjer godt.
Men det er godt å komme heim att og;)








07.07.2011

Lysestakar blir kvite

På førre loppemarkedbesøk kjøpte eg meg blant anna nokre lysestakar i messing. Dei har eg spraylakka kvite. Eg kjøpte spray på biltema som eigentleg er rekna til felgar... Resultatet blei ok, men kvaliteten er kanskje ikkje det beste. Det skal nok ikkje så mykje til før fargen flassar. Det skal seiast at eg ikkje gjorde noko med lysestakane før eg spaya dei. Eg har blant anna ikkje pussa dei på nokon måte.

Nokon andre som har erfaringar med dette?

Her ser dykk forresten ei som har mala sine svarte. Lekkert det og:)

11.05.2011

Litt meir barnerom

Eg har laga eit innlegg om barnerom før. Her kjem eit par knips til:)
Litt pynt rett på veggen

Diverse minne i ei ikearamme

03.05.2011

Borddekking






Månadens utfordring hos Norske Interiørblogger er festbord.
 Eg hiv meg på med desse bileta:)

10.02.2011

This is why

Difor måtte biletet i førre innlegg ned frå veggen. Eg måtte ha plass til den flotte julegåva mi:) Nå er plakaten frå Hagendornhagen blitt rama inn og hengt opp på veggen. Eg er fornøgd:)


P.S. Nå er auksjonen for Stine Sofies Stiftelse i gong! Gå inn her for å gi bud på noko av det flotte som er lagt ut:)

17.01.2011

My colours


Kva for nokre fargar som regjerer i heimen varierer litt frå tid til tid. Ofte er årstida ein viktig faktor, og trender sjølvsagt. Likevel ser eg det er nokre fargar eg stadig vendar attende til. Og det er desse fargane: Kvitt/lyst, grønt og brunt/tre. Har du nokre fargar du føler er "dine"?


Foto: Pottery Barn

14.01.2011

Før- etter lysestake

Ein av dei gamle trelysestakane våre i mørkt tre har fått seg nokre strøk med kvitmaling. Den andre får vere slik den er:) Tykjer dei er fine når dei er mørke òg nemleg;)