Så blei det sofaen i helga. I stadenfor utdrikningslag til ei god venninne og kos med ein kjekk jentegjeng. Men omgangssjuka er ikkje til å spøke med...
Puta dykk ser her er nokre billige puter som eg har "piffa" opp med strykeark frå Clas Ohlson. Berre til å skrive ut det bildet du vil på papiret og stryke på. Vips, så har du ei meir spanande pute!
Dette innlegget er planlagt og skal etter planen bli publisert av seg sjølve. I dagens innlegg ser de nokre ting som har lege under diverse juletre i år. Nokre maleri, eit par soppar og ein "posepose", alstå ein pose til å ha posar i;)
Eg håpar de alle har hatt ein fin kveld og ynskjer dykk gode dagar framover!
Dette syprosjektet blei laga i fjor og har blitt vist på bloggen min før. Men når ein har 24 luker å fylle må det då vere lov? Dessutan viste eg denne på den gamle bloggen min, så den er ny her;)
Juleposten som ikkje får plass på julekorthengjaren min får plass oppi denne. Her blir den godt vakta av to søte englar:)
Denne puta er eigentleg eit kjøkenhandkle som passa akkurat rundt ei av putene me har i stova. Handkleet har eg kjøpt på Homesidene til H&M. Ein ltt rimelegare variant av dei putene du får kjøpt på interiørbutikkar;) Puta er sydd heilt saman på langsida. På kortsidene har eg rett og slett sydd i to treknappar, utan knappehol. Det vil seie at det ikkje finnest nokon opning på puta. Då måtte eg ha sydd knappehol. Om eg skulle sy knappehol måtte eg ha funne fram bruksanvisninga til symaskinen... Det orka eg ikkje i dag;) Så får det heller vere ei litt upraktisk pute:)
Dynetrekk er ein velsigna enkel ting å sy:) Eg likte så godt desse stoffa frå Stoff og stil, og har grubla litt på kva eg skulle lage av dei. Men, det enkle er ofte det beste, så det blei dynetrekk.
Denne vesle kroppen er eigaren av den nye dyna. Det er vist like staseleg å bite i ho:)
Ein annan ting som er enkelt å lage er putetrekk. Så då blei det eit par nye puter og:)