Førre helg var me på Seljordmarknaden. Eller dyrsku`n som dei seier. Reisa til marknaden er ikkje berre ein flott tur i seg sjølve. Den inneheld utruleg mykje fint som ein ikkje ser over alt. Diverse heimelaga mat, møbler, klede, strikkerier, kunstnerier OG antikvitetsboder på rekkje og rad! Dei har og ein heil haug med dyreting og motorsnikkelsnakkel, men eg vel å ikkje setje så stort fokus på det her;) Blant antikvitetane fann eg blant anna desse fine lysklypene (eller kva ein kallar dei).
Kva dei skal brukast til ser me etter kvart;) Dersom du har ein god idè, må du gjerne legge att ein kommentar:) Kanskje til og med ein link om du har?
Det er ikkje blåbærplukking som har blitt prioritet i haust, men ein liten pappkopp fekk me med oss frå fjellet i helga. Av og til er det herleg å berre putte bæra i munnen etter kvart som du plukker dei:) For ein utålmodig sjel (i alle fall på dette området) kan det vere utfordrande å "spare" dei til blåbærmuffins eller blåbærpai... Det får bli til neste år;)