Viser innlegg med etiketten Kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kort. Vis alle innlegg

12.07.2012

Love Much



Resultatet av kortmekkinga mi her ein dag.

To flotte menneske som har sagt ja til kvarandre♥
Det er stort og må feirast:)
home by linn er den flinke fotografen til paret og eg fekk låne nokre bilete då eg skulle lage kortet:)

30.06.2012

Kort - L O V E



Kortmekking ein sein fredags kveld:) 
Det er kjærleik og bryllaup som skal feirast!


Fann ein kjekk lampe ute i boda her ein dag som eg stal med meg inn i hobbykroken min... Rart når ein plutseleg ser noko fint i det ein har gått rett forbi før. Kjekt og:)

05.05.2012

Til konfirmanten




Hurra for alle kjekke ungdommar som feirar 
konfirmasjonsdagen sin i desse dagar!
Må framtida dykkar bli god:)

28.08.2011

God sundag


Eit kort på denne sundagskvelden.
Ha ein fin kveld:)

P.S. Dette står når eg skal legge at ein kommentar på visse bloggar:

Din gjeldende konto har ikke tilgang til å vise denne siden.
Klikk
her for å logge ut og endre kontoer.

Nokon som har råd?

04.07.2011

Nokre kort til i epla- butikken



Gå til epla- butikken min her.

03.07.2011

Nye kort i eplabutikk

Dreg du kjensel på denne boka? Denne boka gir meg minne om barndom, besteforeldre og "god natt- synging" på sengekanten. Me har hatt eit kastemaraton på jobb denne våren og dette var noko av det eg klarte å redde med meg heim. Det er ikkje fyrste gong eg dreg med meg bøker heim. Det er heller ikkje fyrste gong eg lurar på kva eg eigentleg skal gjere med dei..;) Klippe eller ikkje klippe? Det blir ofte spørsmålet.


Denne gongen valte eg å klippe. Resultatet blei nokre kort, slik det som oftast blir. Biletet som høyrer til sangen har eg sydd fast på framsida av kortet. På innsida har eg sydd fast sang m/noter.

Jesus elsker alle barna
 Korta har eg lagt ut i epla- butikken min. Her kan du og sjå fleire bilete av korta. Eit fint dåpskort kanskje?

Kjære Gud, jeg har det godt


22.06.2011

Hurra for deg


Eit kort til ei god venninne i dag.
Gratulera med dagen:)

10.06.2011

Til meg


Ei fin gåve frå ei fin venninne!

Det flotte kortet får du tak i her.

05.06.2011

Kort


Det er alt for fint ver til å sitje framfor PCen i dag. Difor er eg berre innom og hiv ut eit bilete av eit kort eg laga for ei lita stund sia. Ha ein fin dag alle saman:)

29.05.2011

Scrapping, eller?




Eit par fødselsdagar har ført til litt scrapping i det siste.

Eller, er dette scrapping? Eg er eigentleg litt usikker på kva definisjonen av scrapping er. Veit du?

02.03.2011

Utklipskort


Eit kort i dag. Laga av utklipp frå ulike magasin og liknande.
Gjenbruk er kjekt;)

13.02.2011

Morsdag

Innpakking blir ikkje berre innpakking når ein har eit kamera i nærleiken...;)


Ein god sundag til alle! Mamma eller ei:)

02.02.2011

Ja, jeg er med!

Det pågår en liten bloggdugnad for tiden, og det er jeg gledelig med på!

Ein fin familie har engasjert seg i Stine Sofies Stiftelse som ble etablert i Grimstad etter "Baneheiadrapene" i Kristiansand 19.mai 2000 der to jenter, Lena 10 år og Stine Sofie 8 år ble brutalt voldtatt og drept. Grunnleggerne av stiftelsen er mor til Stine Sofie, Ada Sofie Austegard og Bente Bergseth. Stiftelsen skal bekjempe vold og overgrep mot barn ved å forebygge og avdekke vold, ivareta det voldsutsatte barnet og deres pårørende, og styrke deres rettsikkerhet.


Det blir arrangert auksjon på Facebook fra 9. til 13.februar. DU kan være med å bidra. Alle inntektene går til Stiftelsen, og det er her vi; du og jeg kommer inn i bildet! En kan donere gjenstander eller by på de fine tingene som er blitt donert:)

 


Med bloggdugnad kan vi:

1. Bli opplyst (se Stiftelsens hjemmeside)
2. Bli engasjert (se kampanjen For barnas beste)

3. Donere gjenstander til den store auksjonen på Facebook
Kontakt initiativtakerne, de 5 S´ene på sssss.lilledesign@gmail.com
hvis du har lyst å donere gjenstander (selvlaget eller kjøpt) til auksjonen,
eller frufrufly@gmail.com med ideèr eller forlag til bidrag.
4. Spre budskapet til media, venner, kjente og medbloggere!

Flott hvis du skriver et eget innlegg i bloggen din om Stiftelsen,
auksjonen og bloggdugnaden og legger det inn i linklisten til Fru Fly.
Tusen takk for alle bidrag!




Jeg satt og laget noen kort i går, og ønsker å gi disse kortene til auksjonen. Husk, du trenger ikke ha blogg for å donere noe dersom du ønsker det:) Det trenger heller ikke være selvlaget. Du trenger ikke ha facebook for å komme til auksjonen. Siden er åpen for alle. For å by må man trykke "liker" på butikkens forside.

Du kan by på kortene mine her.

.........................................................

Oppdatering: Man må dessverre ha facebook for  å kunne by på auksjonen. Husk å trykke "liker" på hovedsiden dersom vil by.

05.12.2010

Luke 5


Nokon av dykk har kanskje registrert det, andre kanskje ikkje? Eg har fått min eigen Epla butikk! Her ligg blant anna korta mine og nokre maleri. Kjekt å ha ein stad der du kan leggje ut tinga du lagar.

For dei som ikkje er kjent med epla.no, er dette ein nettstad der kven som helst kan opne butikk. Som eit kjøpesenter på nett! Poenget med Epla er å auke tilgjengelegheit og sal av handlaga kvalitetsprodukt framfor masseprodusert bruk-og-kast. Heilt etter mitt hjarta;)

02.12.2010

Luke 2


Det blir eit julekort i dag og. Det kjem nok til å bli mest av dei, men lovar og andre ting;)

01.12.2010

Julekalender, luke 1

Eg har bestemt meg for å ha julekalender på bloggen min:) Det er dessverre ikkje ein kalender der eg delar ut ting. Meir ein litt egoistisk kalender der eg viser tinga mine;) Eg kjem til å leggje ut eit bilete kvar dag. Til dømes av julekort, ulike handlaga prosjekt eller andre "juleting". Eg vil starte med eit kort. Lilla, sidan det er advent:)


Som de ser har eg brukt litt frå "andaktsboka" mi på dette kortet. Det vil seie at eg valte å klippe i boka... Etter litt fram og tilbake fann eg ut at boka berre kom til å bli liggjande dersom eg ikkje brukte henne. Dessutan fann me ut at det "berre" var ei samling av eit tidsskrift som heitte Bibel- budet, det hadde nok vore litt annleis dersom det hadde vore ein bibel. Så får eg håpe eg ikkje angrar og at eg får nytte for henne:)

19.10.2010

28.09.2010

23.09.2010

Interiørbutikk

Det er mykje kort det går i no for tida. Eg har nemleg lova å laga nokre kort til den nye interiørbutikken, Fru Dagmar & ME, som opnar på Vea 30. sept:) Butikken skal innehalde både det eine og det andre. Alt frå klede til møblar og kunst. Butikken inneheld og ein liten cafè. Perfekt for heimeverande mødre i gufne hausttider;)

Her kjem eit par kort til: