Viser innlegg med etiketten Maleri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maleri. Vis alle innlegg

16.06.2012

Nytt bilete på veggen




Mange av veggene i den nye stova har holdt seg nakne ei god stund nå. Etter kvart byrjar dei å fylles opp. Nå har den eine veggen blitt påkledd eit heimemekka maleri. Fordelen med å gjere det sjølv er jo at ein kan tilpasse det slik ein vil ha det. Og tillegg blir ikkje prisen eit problem;)

19.08.2011

Litt nytt til hytta

For ei stund sidan malte eg eit bilete som havna på hytta. Det blei liksom litt lite der det hang heilt aleine. Difor malte eg ei "storesyster" her ein dag.


Saman med "veslebror" ser det slik ut:


Bileta er to hobbyplater som eg har saga til. Eg har fyrst brukt utvatna kvit maling til bakgrunnn, slik at trestrukturen skin gjennom. Sommarfugl/tre er sider frå ei gammal bok som eg kjøpe på ein lokal bruktbutikk.

24.05.2011

Tenk å kunne leve etter dette

Fil 4.6
Det finnes mange fine ord, men dette må vere ein av mine favorittar. Tenk så herleg og kunne klare å leve etter dette! Akkurat nå heng biletet på rommet til veslejenta.

06.04.2011

Ferdig maleri


Slik blei altså resultatet. Maleriet ligg i eplabutikken min.

03.04.2011

Male

Eg har eit litt ambivalent forhold til det å male. Eg får det liksom ikkje alltid slik eg vil. Difor blir det ikkje så ofte eg tek fram malesakene. I går tok eg derimot steget;) 


I dag får de berre sjå nokre knips frå redskapa. Det er klart at slike ting ikkje berre kan liggje der utan å vere modell for meg ei lita stund! Sjølve maleriet kjem ein annan gong;)

11.01.2011

Litt eplanytt

Her ein dag opna ei venninne sin eigen eplabutikk. Det fekk meg til tenkje litt på min eigen eplabutikk:)

I dag legg eg ut eit lite prosjekt eg heldt på med her ein dag. Eg har mala eit bilete på ei treplate.



Bakgrunnen er mala med utvatna kvitmaling, slik at trestrukturen skin gjennom. Sommarfuglane er klipte ut av den gamle boka eg kjøpte for ei stund sia.



Gå til min eplabutikk her.

24.12.2010

Luke 24

Dette innlegget er planlagt og skal etter planen bli publisert av seg sjølve. I dagens innlegg ser de nokre ting som har lege under diverse juletre i år. Nokre maleri, eit par soppar og ein "posepose", alstå ein pose til å ha posar i;)






Eg håpar de alle har hatt ein fin kveld og ynskjer dykk gode dagar framover!