Anne, med bloggen
Moseplassen bloggar om hage, planter og dyr. Kvar månad held ho ein "missekonkurranse", og denne månaden er det
Frøken Solslikk 2011 som skal kårast:) Frøken Solslikk må vere eit bilete av blom/plante eller dyr/insekt. Frøken Solslikk skal vise fargar, sol og blomsterfryd. Eg tenkte å hive meg på denne konkurransen og bidrar med dette biletet. Bli gjerne med du og, men hugs at fristen går ut den 13. februar, altså i morgon;)
Det er litt morosamt å sjå i bileta mine frå dei to siste somrane. Dette biletet er frå sommaren 2009, då
florerte det med hagebilete. Sommaren 2010 var det derimot lite hagebilete å finne. Då var det nemleg komen baby i hus;)