Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

28.12.2012

Mest jul

Men nå er det nok jul frå denne kanten:) 
Håpar de alle har hatt fine dagar!



Julesokken til eldstejenta blei mekka saman på lille julaftan. 


13.12.2012

Meir jul









Nå byrjar det å bli julestemning i heimen 

I helga blir det pynting av juletre. Når juletreet er på plass blir det liksom skikkeleg jul. 
Kva er dine tankar rundt juletre? Ekte eller falskt? Når pleier du å pynte det/setje det opp? Kanskje du ikkje har juletre i heile tatt?

27.11.2012

Litt jul

Ja, nå tykjer eg det er lov å snakke om jul på bloggen!
 
Eg kan ikkje vise deg bilder av dei flotte julekakene mine. Dei finnes ikkje og kjem kanskje aldri til å eksistere...;) Eg kan heller ikkje skryte over reine vindauger eller vaska tak. Men, eg kan vise deg desse herlege bildene som eg fann hos Anniken Zahl Furunes:) Jul med duse fargar og naturmaterial.
 
 
 



Kva tykjer du? Er det "jul nok" for deg? Eller treng du raudt og nissar for å føle på julekjensa?

01.01.2012

Nytt år


Mon tru kva det nye året vil bringe?
Nokon ting veit me om, andre ikkje.
Det er vel slik det skal vere:)

Godt nytt år!

28.12.2011

Me klarar litt til:)


Nå er eg ganske metta på julekaker, peparkaker og andre julekaker,
men konfekten klarar i gli ned innimellom;)

23.12.2011

God jul til alle dere!





Håpar de alle får fine og fredfulle dagar dei neste dagane!
Mine tankar og bøner går til dei som opplev ein tom stol etter 22. juli dette året.

..........................................................................................................................

Årets nyoppdaga julesong høyrde eg på radioen her ein dag.
Himmelsønn av Amund Enger:

Jeg ville se en hersker styre over hav og vind
og gi meg sikre tegn mot mine tvil
en modig frihetskjemper
en frelser for de få
 som fulgte meg min siste mil

Men alt jeg så var barnet
en fattig himmelsønn
sendt fra det høye til hvert menneske
en konge uten krone
som kom til oss med fred
og ser vår jord i kjærlighet

08.12.2011

Litt jul i heimen



Ikkje så veldig mykje endå.
Men det dukkar nok straks opp meir skal du sjå;)

03.12.2011

Julebøker




Desse bøkene kan nå liggje framme med god samvit! Eg skal innrømme at eg har snikt i dei litt tidlegare enn det som kan kallast både jul og advent.....og haust....;) "Sjarmerende jul" fekk eg til jul i fjor, og Bo bedre si "Store julebok" kjøpte eg i år. Mange kreative idear og flotte bilete.

I fjor hadde eg julekalender her på bloggen. Eg såg tidleg at eg verken har tid, krefter eller kreativitet til det i år. For å sjå kalenderen min frå i fjor kan gå inn her.
Eg kan derimot anbefale den fine julekalenderen i bloggen HOME by linn:)

23.11.2011

30.12.2010

Litt julegåver

Julegåva til oss sjølve i år var nytt objektiv til kameraet vårt, til både glede og frustrasjon hos eigaren... Det er vel slik med foto som med andre ting, at jo meir ein har/kan jo meir ser ein kor mykje ein ikkje kan... Men eg gler meg til å lære meir og får berre ta tida til hjelp:)


Denne vakre kransen var ei av julegåvene våre i år.  Kransen er ein del av Jette Frølich sin kolleksjon. Biletet er tatt med det nye objektivet;)


Ein av "favorittane" blant julegåve i år var denne vakre plakaten frå Hagendornhagen. Den har eg ønska meg lenge, så gleda var stor då eg opna denne gåva frå syskena mine. Tusen takk:)

24.12.2010

Luke 24

Dette innlegget er planlagt og skal etter planen bli publisert av seg sjølve. I dagens innlegg ser de nokre ting som har lege under diverse juletre i år. Nokre maleri, eit par soppar og ein "posepose", alstå ein pose til å ha posar i;)






Eg håpar de alle har hatt ein fin kveld og ynskjer dykk gode dagar framover!




23.12.2010

Luke 23

I dag er det jammen meg vesle julaftan, og det er tid for trekning av giveaway! Veldig kjekt at de alle ville vere med i trekninga!

Vinnaren er:  Morgenstemning!

Innlegget for 24. desember ligg allereie klart. Det blir publisert litt seint i morgon. Det er nemleg litt heimelaga julegåver som ligg og ventar;)


22.12.2010

Luke 22

Denne julepynten fekk eg av ei god venninne for nokre år sidan. Eg tykjer den er så utruleg søt at den kjem fram kvar jul.

Julen i et nøtteskall.

Det vesle Jesusbarnet ligg sjølvsagt i eit valnøttskal;)

(Siste sjanse til å vere med i giveawayen i dag. Trekning i morgon.)

21.12.2010

Luke 21

Juletreet er på plass og ferdig pynta. Juletrefoten står i ei stor bastkorg i år. Då slepp me små nysgjerrige fingrar oppi juletrefoten:) Så gjer det jo heller ikkje noko at det ser fint ut..;)



P.S. Hugs å melde deg på giveawayen min!

20.12.2010

Luke 20


Julebakst
Takk for oppskrift Linn:)

18.12.2010

Luke 18





 Nokre knips frå julestæsjet i huset i dag:)

17.12.2010

Luke 17



Dette syprosjektet blei laga i fjor og har blitt vist på bloggen min før. Men når ein har 24 luker å fylle må det då vere lov? Dessutan viste eg denne på den gamle bloggen min, så den er ny her;)

Juleposten som ikkje får plass på julekorthengjaren min får plass oppi denne. Her blir den godt vakta av to søte englar:)

15.12.2010

Luke 15


Sjerne laga av kakepapir. Fint og ikkje minst enkelt! Oppskrift finn du her.

14.12.2010

Luke 14




Julekorta i år blir hengt opp på denne heimemekka korthengjaren. Ein "julete" tråd med vanlege treklyper og ei kongle i enden.

Det finnes mange slike fine lekkjer i butikkane rundt om kring, men det måtte bli DIY(do it yourself) i år. Det har eigentleg blitt ein heil del DIY føre jula i år. Litt av grunnen er at eg har bestemt meg for å ikkje kjøpe noko julepynt denne jula. Om eg treng noko skal eg lage det... Eg har blitt freista til å kjøpe noko mange gonger, det finnest jo så mykje fint!! Men, eg faktisk klart å la vere (utanom nokre julekuler eg kjøpte før eg hadde bestemt meg..;)

Det er godt å bevise for seg sjølve at ting og pengar ikkje alltid gjer det betre/koselegare!

Vilkåra  for dette "prosjektet" er sjølvsagt at ein må tid og lyst til det...;)