Viser innlegg med etiketten For dei små. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten For dei små. Vis alle innlegg

06.06.2012

Ikkje lenge til no



Snart må me tenkje på å setje fram ting som dette att. 
I dag er det nemleg berre 1 mnd til termin!


20.11.2011

Treleker.no


Desse søte bokstavane skal opp på døra til veslejenta. Eg er litt usikker på om dei skal forbli den fargen dei er, eller om eg skal male dei... Me får sjå kva som skjer;) Bokstavane er ganske små, ca 10 cm høge. Eg kjøpte dei på Seljordmarknaden i boda til Treleker.

Dei lagar utruleg mykje fint, blant anna denne søte dukkevogna:


Gå inn på nettsida deiras for å kikke på fleire flotte treleker. Bokstavane har eg dessverre ikkje funne der.

08.10.2011

Dukkestol blir ny

Her ein dag kom eg over ein liten gløymd gyngestol i kjellaren. Den kjøpte eg på eit loppemarked for ei stund sidan. Me har maling og pensel lett tilgjengeleg for tida, så den vesle stolen fekk raskt eit par strøk.


Sidan dette er ein dukkestol, fekk stolen litt meir farge. 


04.09.2011

Sklie i huset




Sommaren er definitivt over og leikehyttene blir kanskje ikkje brukt like mykje som om sommaren. Då gjeld det å tenkje kreativt inne. Det har denne familien gjort. Kva er vel kjekkare enn ei sklie som går mellom etasjane i huset?! Fleire bilete kan du sjå her.


22.08.2011

Neste års prosjekt?


Dette må vel berre vere ein draum for alle småtassar! Det spørs nok om det blir så omfattande her i hagen, men ein kan kanskje la seg inspirere? Sjå fleire flotte hytter her.

13.08.2011

Sommardressen


Denne dressen har me brukt mykje i sommar. Akkurat passe varm i denne "vi leker sommer" temperaturen. Så er den jo så søt:) Merket er norsk og heiter Mossi Suss. Fleire produkt finn du her.

Mange av produkta har påsydd tekst med fint budskap.
(P.S. Tusen takk for alle koselege kommentarar på førre innlegg! Så kjekt at de likte det:)

10.08.2011

Skap Det Selv- lekekomfyr av kommode

Mrs Hardy, som eg og skreiv om i førre innlegg, har laga ein ny blogg som heiter Lidenskapelse. Dette er ein samlingsstad for dei som likar å skapa noko.
Akkurat nå er det ei lita utfordring/ innsamling av "SDS"prosjekt (gjør det selv).
Difor tenkte eg det passa fint å vise sommarens prosjekt i dag:)


For nokre månadar fekk eg tak i denne vesle kommoden. Etter litt inspirasjon frå ein nettstad(som eg sjølvsagt ikkje finn nå...), laga eg ein komfyr av kommoden.


Kommoden har eg mala veldig lys blå. På skuffene har eg limt på tapetprøvar som eg har fått tak i her. Som kokeplater har limt på små vinylplater kjøpt på ein lokal bruktbutikk. Knottar kjøpt på kremmerhuset.

18.11.2010

Ferdige barnemøblar

Då var barnemøblane ferdige! Eg brukte tapetprøvane eg fekk frå inreda.com til å deokrere med. Eg hadde ikkje nok til å dekke alle flater, så eg måtte skjære ut motiv og lime på med decopagelim. Så litt tid tok det...;) Litt usikker på om decopagen held, så eg vurderer å ha eit lag med lakk oppå. Me får sjå;)