Påskepynten kom opp tidleg i år. Det er liksom kjekt å ha pynten framme ei stund når ein fyrst pyntar:) Mykje påskepynt er det likevel ikkje. Ein gul løpar med gule tulipanar og greiner, gule lys og nokre egg rundt om kring er det som skal til.
Du låg skjelvande av angst på kne
og svetten rann som blod.
Og vennene du hadde med
dei sov i største ro.
Dei svikta då du trengte dei
du hadde gitt dei alt.
Dei valde minste motstands vei
og svikta då det gjalt.
Og eg har tenkt; det sko ‘kje eg ha gjort.
Eg sko’ha kjempa saman med deg
holdt rundt deg og tørka svetten bort
- gjort ka eg kunne for å gle deg.
Dei dømde deg te død og pine
spotta deg og lo.
Og ein av dei du kalla dine
fornekta og bedro.
Han svikta då du trengte han
du hadde gitt han alt.
Han var ein veik og vesal mann
som svikta då det gjalt.
Og eg har tenkt; det sko ‘kje eg ha gjort.
Eg sko’ha kjempa saman med deg
holdt rundt deg og tørka svetten bort
- gjort ka eg kunne for å gle deg
Men eg vet at eg og svikte
fornekte og bedrar.
Eg gjer’kje det eg vet eg plikte
eg e’ hjertelaus og hard.
E’ likasel for andres nød
ofte blind for venners sorg.
Ka bryr det meg dei andres sorg
min kulde e’ så fast ein borg,
Likavel e’ du lika glad imeg
tilgir meg alle feilå mine.
Stille tar du kappå di av deg;
tar te å vaska beina mine.
Når ein får gåver innpakka i flott papir frå Blafre(tusen takk), må ein nesten bruke det til eit eller anna. Når ein i tillegg har eit fult norgesglas med knappar etter garasjesalg, er det klart at sundags kveld blir brukt til klipp og lim:)
Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen. Hiv deg på du og:)
Nokon storkjøpar av påskepynt er eg ikkje. Likevel hamnar det som regel litt nytt i huset kvart år. I år er det desse påskeegga frå Kremmerhuset som er nykommerane.
Etter inspirasjon frå Skrinet mitt og ein lokal interiørbutikk har eg laga nokre påskeegg. Egga har eg limt saman før eg mala dei kvite. Deretter har eg limt på ein liten hekleduk på det eine egget og nokre blonderemser på det andre. Skrifta på det eine egget er små klistremerker.
P.S. Du sparar ikkje tid på å lime på duken fyrst for så å spraylakkere heile egget... I alle fall dersom du bruker dei egga som er litt "ruglete". Egget vil ikkje ta opp fargen;)