Viser innlegg med etiketten Fest og morro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fest og morro. Vis alle innlegg

19.09.2012

Dåp






Då var dåpen vel overstått. Ein fin dag, og jammen blei me mette denne gongen og;)

Dåpskjolen er gammal og brukt av fleire i familien. Kjekt med ein kjole med litt historie:)

12.08.2012

Dåp i sikte

Dåpsdatoen er satt og eg har byrja å tenkje på bordpynting. 
Ein har tid til slik dilling når ein har permisjon veit du;)
Her er nokre flotte inspirerande bilder av Julia Hoersch.







13.06.2012

1 årsdag







Heldige oss var i bursdagsselskap til ein herleg 1 åring i går!
Nydelege og gooode kaker og pynting i gjennomført stil.
Fornøyde gjester og ein fornøyd 1åring:)

18.05.2012

Min dag




I dag er min dag!
Dagen vart feira saman med familie, mat og kaker. 
No er det kakerester og The Voice som står på tapetet:)

Fin fredagskveld til dykk alle!

17.05.2012

Hurra for landet (og søte små kyllingar)


Me er som regel ute på vift store deler av 17. mai, men eg likar likevel å setje fram eit eller anna som gjer at heimen får eit 17.mai preg. Dette året blei det nokre bjørkekvister med ei 17. mai sløyfe. Enkelt, men effektfylt:)


Kyllingar er vel kanskje ikkje det folk forbindar med 17.mai. Men her i heimen har me altså 16 nyklekka kyllingar som står og "pyntar" i gangen. Det er gjennom jobb me har ruga fram desse kyllingane, og i langhelga trengte dei ein heim. Så, me har altså nokre veldig søte feriegjester i helga:)

23.03.2012

13.11.2011

God farsdag!


Hurra for alle gode pappaer! Her ser dykk ei konsentrert jente som produserar kort til besteforeldre:)


Odd Nordstoga sin "Ein farfar i livet" passar godt i dag tykjer eg:) Flott sang!

23.10.2011

Høstbord



I dag dekka me bord til familie.
Bordet blei pynta med gresskar og granateple saman med roser.

19.05.2011

Dagen i går



Tenk at eg gløymde å ta bilete av dei nydelege kakene mamma og svigermor laga! Nå ligg dei trygt i magar til familie og kolleger. Og min sjølvsagt...;) Blomane over her kjem frå bedet til ho mor. Eg hugsar ikkje namnet, men fine er dei:)

17.05.2011

Gratulera med dagen




Håpar de alle har hatt ei flott feiring i dag!
Hos oss fortset feiringa i morgon. Då er det nemleg min dag:)