Viser innlegg med etiketten Andre ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Andre ting. Vis alle innlegg

23.09.2012

Behind the scenes...

Zoom inn  

Zoom ut...

Rart korleis ein kan finne fine motiv i kvardagsleg rot;)

Nokon som kjenner seg igjen?

13.02.2012

Ei til prinsesse!



I juli er me så heldige å få bli foreldre att!
Det ser ut som det blir ei til lita prinsesse som kjem inn i familien:)
Me gler oss!

20.11.2011

Treleker.no


Desse søte bokstavane skal opp på døra til veslejenta. Eg er litt usikker på om dei skal forbli den fargen dei er, eller om eg skal male dei... Me får sjå kva som skjer;) Bokstavane er ganske små, ca 10 cm høge. Eg kjøpte dei på Seljordmarknaden i boda til Treleker.

Dei lagar utruleg mykje fint, blant anna denne søte dukkevogna:


Gå inn på nettsida deiras for å kikke på fleire flotte treleker. Bokstavane har eg dessverre ikkje funne der.

15.10.2011

Kvifor Sàng Tao?


Mrs Hardy har ein utfordring på bloggen sin: fortel litt om bloggnamnet ditt! Her er historia bak mitt bloggnamn:

Dette er faktisk den 3. bloggen min. Eg hadde fyrst ein "studieblogg", ikkje meir avansert enn at eg skreiv den då eg var student. Så laga me ein infoblogg i anledning vårt bryllaup, som i etterkant utvikla seg til ein husmor/familieblogg. Spørsmåla rundt privatliv i forhold til blogg blei for mange, så eg la til slutt ned bloggen. Så slapp eg tenkje meir på det liksom;)

Det gjekk likevel ikkje lang tid før eg starta denne bloggen. Nå skulle det vere ein rein kreativ blogg, der eg kunne leggje ut ting eg lagar, foto og diverse inspirasjon. Difor stod altså ordet kreativ sentralt då eg jakta på eit godt namn. Eg prøvde å bruke ordet kreativ på alle mulige slags måtar, men eg syntest uansett at eg hadde sett liknande namn før på andre bloggar. Mange kreative sjeler i bloggeverda veit dykk;) Difor søkte eg opp ordet på andre språk. Det som fenga meg mest var kreativ oversatt til vietnamesisk. Sang Tao tyder kreativ på vietnamesisk, og Tao tyder å skape. I forhold til kva bloggen skulle handle om syntest eg det namnet passa bra:)

Har du ei spanande historie bak ditt bloggnamn? Bli med på utfordringa vel:)

26.07.2011

Kjærligheten seirer


I desse dagar kjenner eg på kor heldig eg er. Eg prøver å sjå dei små gledene i kvardagen og setje pris på dei. Likevel pregar den vonde hendinga kvardagen. Eit heilt land er i sorg. Mine tankar og bøner går til dei som sit att. Eg er stolt over landet mitt som taklar tragedia på denne måten. Eg blir rørt av å sjå korleis me står saman. All omsorgen. Trua på håpet og framtida. Kjærleiken skal seire. Den skal alltid seire! Denne nydelege songen er skreven av Børud og blir her framført av Carola.


22.07.2011

...

Eg ber for Norge
Kjære Jesus, la det skina over Norge
La lys frå himmelen koma ned
Eg ber for Norge
Kjære Jesus, la det skina over Norge
La lys frå himmelen koma ned over oss

Solveig Leithaug

20.07.2011

Sommaranalyse


Lett avflassa neglelakk: eit teikn på at sommaren har vore ei stund.

Ikkje noko særleg "solemerke" mellom tærne på vedkomande: eit teikn på at sola har vore fråvernade så langt.

Fotografering med blom mellom tærne: mangel på kjekke-inneaktivitetar-som-ein-kan-ty-til-når-det-regnar-om-sommaren.

Men nå høyrer eg rykter om ein fin seinsommar! Dersom det stemmer, skal eg vere nøgd:)

10.07.2011

Hugs...

...å halde kviledagen heilag:)


Fordi du fortjener det

28.06.2011

Sommar sa du?

INSTALLING SUMMER......
███████████████░░░░░░░░░░░░░░ 44% DONE.
Installation failed. 404 error: Season not found. The season you are looking for might have been removed, had its name changed, or is temporarily unavailable. Please try again...


Foto Flickr

Håpar det ikkje ser slik ut hos deg:)