Nei, dette bilete er dessverre ikkje tatt av meg...
Det er tatt av fotograf Jan Ivar Vik. Under dagens luke ligg det nemleg ei blogganbefaling. Eg oppdaga eigentleg denne bloggen gjennom vener og er så glad for det! Vik er særleg god på portrett og brudlaupsfotografi og det er det eg likar så godt med denne bloggen. Personlege og vakre bilete av menneske. Ofte med ein liten dæsj humor:)
Her har kanskje me bloggedamer noko å lære? Me treng ikkje alltid ha kvit lakenbakgrunn;) Flotte bilete teke heime i stova til dette nybakte paret. |
Det som er særleg kjekt for oss som likar å knipse litt, er at han legg ut fototips! Nokre døme er tips om uklar bakgrunn på portrettbilete og fotografering i dårleg lys.
Trykk deg inn her for å lese fleire tips. Trykk her for å kome til framsida til denne flinke fotografen.
...................................................................
Sidan dette ikkje var eit særleg "julete" innlegg legg eg ved ein julesong i dag. Her er eit lite utdrag, det finaste verset i heile songen spør du meg:
Jeg sloss og jeg led, gjorde alt for å vinne
Da hørte jeg englene synge om fred
Legg våpnene ned, det er jul du må finne
en fred inni hjertet et sted
2 kommentarer:
eg blir glad av å lesa bloggen din... :)
Forslag: Julelunsj den 23? alle tar med litt mat kvar?
Tusen takk for hyggelig anbefaling. Jeg er glad du liker bildene mine! Setter pris på at du tok deg tid til å anbefale bloggen min videre :) God jul!
Legg inn en kommentar