Ein kopp te, ein bit sjokolade og eit blad er eit herleg lite pust i pakken på morgonkvisten etter frukost og morgonstell. Når ein er heime i permisjon får ein faktisk oppleve det av og til;) Sjå fleire morgonøyeblikk inne hos NIB.
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
24.02.2013
Morgonstund
Ein kopp te, ein bit sjokolade og eit blad er eit herleg lite pust i pakken på morgonkvisten etter frukost og morgonstell. Når ein er heime i permisjon får ein faktisk oppleve det av og til;) Sjå fleire morgonøyeblikk inne hos NIB.
31.07.2012
Bakedag?
Eg tippar det er fleire enn meg som har funne fram oppskriftsboka på ein dag som denne? I alle fall om dykk har hatt same veret som her;) Kanskje du til og med er typen som ikkje treng oppskrift, som berre slengjer saman ein dæsj med ditt og ein slump med datt? Slik er det ikkje med meg. Eg er heilt avhengig av ei oppskrift. Det er faktisk ganske så uvanleg at eg bakar i det heile tatt. Dagens bakst må difor dokumenterast i eit blogginnlegg:) Oppskrifta har eg fått hos Linn med bloggen home by linn.
Maryland cookies
145 gr.margarin
100 gr.farin
100gr.brunt sukker
1 egg
1 ts vaniljesukker
195 gr.kveitemjøl
0.5 ts. natron
0.5 ts. salt
1 dl.nøtter
2 plater Dronning sjokolade
Rør saman margarin og sukker i ein mikser, tilsett egget. Bland saman mjøl, vaniljesukker, salt og natron, ha dette i deigen. Grovhakk nøtter og sjokolade og ha det i til slutt.
Lag små kuler og steik i ca. ti minutt på 190 grader. Avkjøl på rist. Nyt!
22.07.2012
Innekos
Jaja, me får vel fortsetje med å kose oss inne medan me ventar på finveret...
Korleis er veret sjå deg?
23.10.2011
14.10.2011
For fin?
Er det lov å pøse så fin te som dette? Etter at eg kjøpte meg denne teen i Oslo, har eg drukke den nesten kvar dag. Ikkje berre smakar den godt, den luktar himmelsk og er innpakka i ein nydeleg liten tøypose! Nesten som den burde vere berre til pynt. Men, det får han ikkje her i huset;) Te er til for å drikkast! I alle fall på fredagar;)
Ynskjer deg ei fin helg!
13.09.2011
Mmmmm...blåbær..
Det er ikkje blåbærplukking som har blitt prioritet i haust, men ein liten pappkopp fekk me med oss frå fjellet i helga. Av og til er det herleg å berre putte bæra i munnen etter kvart som du plukker dei:) For ein utålmodig sjel (i alle fall på dette området) kan det vere utfordrande å "spare" dei til blåbærmuffins eller blåbærpai... Det får bli til neste år;)
15.05.2011
03.05.2011
06.03.2011
Fastelavn
Ordet fastelavn stammer fra det tyske ordet Fasten-Abend, og betyr kvelden før fasten. Dette var opprinnelig en tre-dagers festperiode, som bestod av fastelavnssøndag, blåmandag og askeonsdag. I tillegg til disse, så kjenner vi også til uttrykket feit-tirsdag som en del av fastelavn.
Kjelde : aStart
26.01.2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)