Nokre Instagrambilete frå den siste tida
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto. Vis alle innlegg
26.09.2012
23.09.2012
Behind the scenes...
Zoom inn
Zoom ut...
Rart korleis ein kan finne fine motiv i kvardagsleg rot;)
Nokon som kjenner seg igjen?
05.09.2012
Joda, eg er på Instagram eg og;)
Er du?
Instagram er et gratis foto-delingstjeneste og sosialt nettverk som ble lansert i oktober 2010. Tjenesten gjør det mulig for brukere å ta et bilde, legge til enkle effekter, og deretter dele det med andre Instagram-brukere som er koblet til på det sosiale nettverket.
Kjelde: Wikipedia
20.03.2012
Stilleben
Eg har alltid vore litt usikker på kva "stilleben" betyr. Jentene bak øyeblikk.net kan fortelje meg følgjande:
Stilleben betyr stille liv. Et stilleben blir i kunsten betegnet som et kunstverk som gjengir objekter i ro, ofte som oppstillinger av hverdagslige gjenstander som enten er fra naturen eller er menneskelagde.
Stilleben er tema bak fotokonkurransen denne gongen. Her er mitt bidrag:
11.03.2012
HURRA - og god sundag!
Då eg skulle sjå gjennom vinnarbileta på øyeblikk.net i dag, såg eg til mi store overrasking at biletet mitt var komen på 4. plass! Så utruleg stas:)
I dag har eg leika meg litt med fargemetning i Picasa. Kva for eit bilete likte du best?
I dag har eg leika meg litt med fargemetning i Picasa. Kva for eit bilete likte du best?
Ein god sundag til dykk alle!
02.03.2012
Reise
Mitt bidrag til øyeblikk.net sin konkurranse "Reise".
Biletet tok eg då eg var i Etiopia for nokre år sidan.
05.02.2012
Ny veke
Håpar de alle har hatt ei fin helg!
I morgon ventar ei ny arbeidsveke for min del.
Desse bileta er uredigerte. Av og til er det vanskeleg å vete kva ein skal gjere med dei. Plar du å redigere bileta dine? Kva gjer du såfall?
31.01.2012
Fabelaktig konkurranse!
Eg fekk litt hjartebank då eg såg at Fabelaktig hadde fotokonkurranse på gong. Hjartebanken kom då eg såg kva premien var, eit Nikon D5100 speilreflekskamera! Eg har sååå lyst på eit kamera med høgare ISO! For å vinne det, må du vise ditt beste interiørbilete. Eg har saumfara PCen etter interiørbilete, men det var ikkje mykje eg fann gitt... Men eg kan ikkje la vere å vere med, så her er eit av dei få eg fann.
Ei lita oppdatering: Eg ser at biletet passar til øyeblikk.net si konkurranse, og hiv meg på med same bilete der.
Ei lita oppdatering: Eg ser at biletet passar til øyeblikk.net si konkurranse, og hiv meg på med same bilete der.
13.01.2012
20.10.2011
Øyeblikk
Eg hiv meg på i fotokonkurransen til øyeblikk.net, litt sånn i siste liten...
Temaet er "Et barn er et lite menneske".
Klikk deg inn for å sjå mange fantastiske bidrag!
24.09.2011
13.06.2011
Litt redigering
Eg brukar for det meste PhotoScape når eg redigerar bilete. Som regel forandrar eg ikkje så mykje. Det å gjere bileta lysare eller skarpare er vel det eg gjer mest av. Nokre gonger prøver eg likevel å gjere litt meir, slik som her. Det eine bilete kanskje meir synleg redigert enn det andre. Kva for eit likte DU best?
| Orginalen |
| Redigert 1 |
| Redigert 2 |
28.04.2011
Ein dag på jobben
Når ein har med seg kamera på jobb, kan ein like godt ta litt bilete når ein fyrst har moglegheit til det:)
03.04.2011
Male
Eg har eit litt ambivalent forhold til det å male. Eg får det liksom ikkje alltid slik eg vil. Difor blir det ikkje så ofte eg tek fram malesakene. I går tok eg derimot steget;)
I dag får de berre sjå nokre knips frå redskapa. Det er klart at slike ting ikkje berre kan liggje der utan å vere modell for meg ei lita stund! Sjølve maleriet kjem ein annan gong;)
I dag får de berre sjå nokre knips frå redskapa. Det er klart at slike ting ikkje berre kan liggje der utan å vere modell for meg ei lita stund! Sjølve maleriet kjem ein annan gong;)
16.02.2011
My piano
Ja, me har faktisk eit piano. Når folk spør om eg kan spele må eg svare nei. Men, eg kan trykkje piano! Det er ein vesentleg forskjell...;) Trykkjedugleik eller ei, det kan i alle fall vere eit fint møbel. Ein fin fotomodell er det og;)
14.02.2011
G.I.D
Eg er ikkje så veldig oppteken av Valentinsdagen, men syntest dette biletet passa bra i dag.
Ein av fleire teoriar rundt valentinsdagen stammar frå det gamle Roma. Presten Valentin levde medan den vonde keisaren Claudius herska. Keisaren hadde bestemt at det var forbode å gifte seg, då han meinte at gifte menn var dårlege krigarar. Valentin gifta likevel forelska par. Då dei oppdaga dette vart han kasta i fengsel og drepen. Legenda seier at presten sendte det fyrste valentinbrevet medan han satt i fengsel. Han underteikna brevet "Frå din Valentin". I år 498 bestemte paven at 14. februar skulle vere Sankt Valentins dag.
Kjelde: Nysgjerrigper
13.02.2011
Morsdag
Innpakking blir ikkje berre innpakking når ein har eit kamera i nærleiken...;)
Ein god sundag til alle! Mamma eller ei:)
12.02.2011
Frøken Solslikk
Anne, med bloggen Moseplassen bloggar om hage, planter og dyr. Kvar månad held ho ein "missekonkurranse", og denne månaden er det Frøken Solslikk 2011 som skal kårast:) Frøken Solslikk må vere eit bilete av blom/plante eller dyr/insekt. Frøken Solslikk skal vise fargar, sol og blomsterfryd. Eg tenkte å hive meg på denne konkurransen og bidrar med dette biletet. Bli gjerne med du og, men hugs at fristen går ut den 13. februar, altså i morgon;)
Det er litt morosamt å sjå i bileta mine frå dei to siste somrane. Dette biletet er frå sommaren 2009, då
florerte det med hagebilete. Sommaren 2010 var det derimot lite hagebilete å finne. Då var det nemleg komen baby i hus;)
05.02.2011
A cup of pearls?
Koppar frå èi bestemor og perlesmykke frå ei anna. Begge er store favorittar:) Eigentleg litt ulogisk å leggje perler og blondesjal saman med ein kopp, men det blir jo så fint og jentete;) Ei god helg til deg!
21.01.2011
Bibel- budet
Det blir ein god del utprøvingar med kameraet for tida;) I går var denne gamle boka modellen min.
Eg prøvde meg fram med stativ og lang lukkartid i går. Det var ganske mørkt i rommet då eg tok desse bileta, og eg har ikkje gjort dei lysare i redigeringsprogram etterpå. Eg hugsar ikkje heilt kor lang lukkartid eg hadde, men eg trur det var rundt 5 sekund.
Ynskjer alle ei god helg! Med eller utan kamera:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)






















