Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg

30.08.2012

Brikettklede

Ein gammal "lobbe" + lite ferdigheiter innan sokkestopping + overskudd til å vere kreativ

=

nye klede til tennbrikettane!



18.07.2012

Babystrikk



Her går det for det meste i baby for tida. Nå er ho snart to veker og ting byrjar å stabilisere seg;) 
Strikkepinnane er ikkje noko som blir flittig brukt her i huset... Då er det ekstra kjekt med besteforeldre som    svingar pinnane:) Denne bodyen er eg veldig glad i. Den passar nå og må brukast mest mogleg så lenge me kan. Tøflane er vistnok strikka etter ei veldig gammal oppskrift. Supersøte og sit godt på dei små føtene:)

02.11.2011

Stilig strikk



Har du ein gammal stol som er god å sitje i, men som treng ei lita oppshining? Kva med dette stikka trekket? Det er på Etsy du finn det! Eg forstår det slik at du kan sende mål/bilde av det du skal ha trekk til, så kan vedkommande strikke slik at det passar akkurat til deg:)

02.06.2011

Farmorstrikk



Når ein ikkje er så flink med pinnane sjølv, er det kjekt å ha nokon som ordnar opp:) Dette teppet fekk eg av farmora mi på dagen min. Eg tykjer det er fantastisk flott! Eg blir utruleg takksam for slike gåver som nokon har brukt tida si på å lage.

07.12.2010

Luke 7


For ei lita stund sia var eg innom bloggen spøt/ totlistrikk. Der såg eg desse herlege babyklutane! Eg spurde om det var mogleg å bestille ein, og det var det:)

Dermed havna denne lilla babykluten i postkassa vår i går. Ei lita adventsgåve til veslejenta:)