31.07.2012

Bakedag?


Eg tippar det er fleire enn meg som har funne fram oppskriftsboka på ein dag som denne? I alle fall om dykk har hatt same veret som her;) Kanskje du til og med er typen som ikkje treng oppskrift, som berre slengjer saman ein dæsj med ditt og ein slump med datt? Slik er det ikkje med meg. Eg er heilt avhengig av ei oppskrift. Det er faktisk ganske så uvanleg at eg bakar i det heile tatt. Dagens bakst må difor dokumenterast i eit blogginnlegg:) Oppskrifta har eg fått hos Linn med bloggen home by linn.





Maryland cookies


145 gr.margarin

100 gr.farin
100gr.brunt sukker
1 egg
1 ts vaniljesukker
195 gr.kveitemjøl
0.5 ts. natron
0.5 ts. salt
1 dl.nøtter
2 plater Dronning sjokolade

Rør saman margarin og sukker i ein mikser, tilsett egget. Bland saman mjøl, vaniljesukker, salt og natron, ha dette i deigen. Grovhakk nøtter og sjokolade og ha det i til slutt.

Lag små kuler og steik i ca. ti minutt på 190 grader. Avkjøl på rist. Nyt!


3 kommentarer:

sigrid sa...

M så nydeleg:-)
Takk for oppskrift!

Klem

home by linn sa...

Skikkeligt bakever i går, ja!!
Her blei det litt boller :)

Bettum Villa sa...

Dette så kjempe godt ut (så utrolig kjedelig at jeg ikke kan bake..hehe :P).
Morro at du la deg til som følger hos meg. :D
Klem Madelen