24.02.2013

Morgonstund



Ein kopp te, ein bit sjokolade og eit blad er eit herleg lite pust i pakken på morgonkvisten etter frukost og morgonstell. Når ein er heime i permisjon får ein faktisk oppleve det av og til;) Sjå fleire morgonøyeblikk inne hos NIB.

19.02.2013

Har sansen...

...for fotograf Kristin Rogers for tida. Sjå fleire bilete her.




21.01.2013

interiør

Når ein har permisjon har ein tid og overskudd til å bale på i heimen:) Eg får berre nyte det dei siste månadane! Nå er det litt over eit år sidan me flytta inn i ny del av huset. Fyrst nå byrjar ting å finne plassen sin. Ting tar tid;) Eg finn mykje inspirasjon på nettet og kjem rett som det er over fine bilete. Slik som desse bileta. Enkelt og ikkje for "eksklusivt". Kvite golv er derimot ikkje aktuelt i gangen vår, eg er ikkje glad i å  vaske golv;) Men fint er det!



11.01.2013

Beauty


Eg og denne søtnosen ynskjer deg god helg:)
Fin?

28.12.2012

Mest jul

Men nå er det nok jul frå denne kanten:) 
Håpar de alle har hatt fine dagar!



Julesokken til eldstejenta blei mekka saman på lille julaftan. 


13.12.2012

Meir jul









Nå byrjar det å bli julestemning i heimen 

I helga blir det pynting av juletre. Når juletreet er på plass blir det liksom skikkeleg jul. 
Kva er dine tankar rundt juletre? Ekte eller falskt? Når pleier du å pynte det/setje det opp? Kanskje du ikkje har juletre i heile tatt?

27.11.2012

Litt jul

Ja, nå tykjer eg det er lov å snakke om jul på bloggen!
 
Eg kan ikkje vise deg bilder av dei flotte julekakene mine. Dei finnes ikkje og kjem kanskje aldri til å eksistere...;) Eg kan heller ikkje skryte over reine vindauger eller vaska tak. Men, eg kan vise deg desse herlege bildene som eg fann hos Anniken Zahl Furunes:) Jul med duse fargar og naturmaterial.
 
 
 



Kva tykjer du? Er det "jul nok" for deg? Eller treng du raudt og nissar for å føle på julekjensa?

13.11.2012

Lite blogging

Det blir lite blogging for tida, og slik kjem det nok til å bli framover. Bloggelysten forsvant liksom for ei god stund sidan og har ikkje komen heilt attende. Det dukkar sikkert opp eit innlegg ein gong i blant, så får me sjå om det blir oftare ein gong i tida:) Eg er ivrigare på Instagram, enn så lenge;)

Frå prosjekt "julekort 2012"

04.11.2012

Innehelg

Så blei det sofaen i helga. I stadenfor utdrikningslag til ei god venninne og kos med ein kjekk jentegjeng. Men omgangssjuka er ikkje til å spøke med...


Puta dykk ser her er nokre billige puter som eg har "piffa" opp med strykeark frå Clas Ohlson. Berre til å skrive ut det bildet du vil på papiret og stryke på. Vips, så har du ei meir spanande pute!

Håpar helga di har vore betre enn mi;)

25.10.2012

Papirgirlander

Eit lite prosjekt som eg og eldstejenta dreiv med her ein dag. Eg trykka ut scrappepapir og laga hol med holemaskin, mens ho tredde dei på tråden. Enkelt og raskt! Og det blir fin pynt på eit leikerom:)


21.10.2012

Fin sundag

Ingenting er som ein roleg sundag med sol! Helga har bestått av selskapeligheter, så i dag var det herleg å slappe av. Tjuvsoving, tur på stranda og rester gjer dagen toppers;)




17.10.2012

"Ny" lampe på jenterommet



 

Ei lampe som ikkje er i bruk + remser av stoff + fargeprøvar frå Flugger

=

Ny lampe på jenterommet



10.10.2012

Photo of the day ♥


Elskar dette fotografiet! 
Biletet kjem eigentleg frå ein nettbutikk som sel smykke. 
Den er russisk (trur eg..) så eg skjønar ingenting;) 
Men eg likar i alle fall både bileta og smykkene.

Klikk deg inn her for å sjå meir.

08.10.2012

Bad



Utfordringa hos NIB (NorskeInteriørBlogger) denne månaden er bad. Her er eit par bilete frå vårt. Eg ser det er fleire i utfordringa som har sete vasken sin på ein gammal sjenk, så det er vist ikkje så voldsomt orginalt;) Om me har tenkt på å mala det kvitt? Fleire gonger:) Foreløpig er det den fargen det er, og slik kjem det nok til å vere ei god stund framover. Badeendene måtte vere med, slike ting er ein del av kvardagen her ser du;) Sjå fleire flotte bad her.

06.10.2012

Ferdig!



Endeleg ferdig med "puffane"! 
Eit av fleire prosjekt som har blitt ståande;) 
Stoffet kjøpte eg på Stoff og stil for nokre år sidan.