03.07.2011

Nye kort i eplabutikk

Dreg du kjensel på denne boka? Denne boka gir meg minne om barndom, besteforeldre og "god natt- synging" på sengekanten. Me har hatt eit kastemaraton på jobb denne våren og dette var noko av det eg klarte å redde med meg heim. Det er ikkje fyrste gong eg dreg med meg bøker heim. Det er heller ikkje fyrste gong eg lurar på kva eg eigentleg skal gjere med dei..;) Klippe eller ikkje klippe? Det blir ofte spørsmålet.


Denne gongen valte eg å klippe. Resultatet blei nokre kort, slik det som oftast blir. Biletet som høyrer til sangen har eg sydd fast på framsida av kortet. På innsida har eg sydd fast sang m/noter.

Jesus elsker alle barna
 Korta har eg lagt ut i epla- butikken min. Her kan du og sjå fleire bilete av korta. Eit fint dåpskort kanskje?

Kjære Gud, jeg har det godt