21.05.2011

Foto og lyse gardiner

Når ein fotograferar er det viktig med godt lys, og naturleg lys er ofte det beste. Slik som sikkert mange andre brukar eg ofte lyskjelda frå eit vindauge når eg fotograferar.

Lyset kan ofte vera ganske sterkt/intenst. Då kan det du fotograferar få eit gjenskin i seg. Det har hendt på biletet mitt av denne tekanna. I tillegg har det fått eit blåskjær i seg.


For å hindre dette kan ein heilt enkelt dra føre gardinene. Dersom du drar føre nokre lyse gardiner kjem lyset gjennom utan at det blir for intenst. Det er det eg har gjort på bilete nr 2. Eg har brukt akkurat dei same innstillingane som på biletet over:


Dersom du likevel vil ha det litt lysare kan du gjere det i eit redigeringsprogram, slik eg har gjort med dette biletet:


Kva tykjer du? Er det eigentleg noko å bry seg om? Kva for eit bilete likte du best?

1 kommentar:

Maias Fabelaktige Verden sa...

Åh! Så gøy med ett fotoinnlegg, jeg likte bilde nr 2. Takk for tips!

ønsker deg og dine en finfin helg!
Klem