20.03.2011

Foto - reflektor

For ei stund sidan la eg ut eit innlegg om mine erfaringar innan foto. Her nemnte eg blant anna reflektor. Tenkte eg kunne vise eit lite eksempel på korleis resultatet kan bli. Reflektoren min er laga av ei pizzaeske og noko sølvpapir. Enkelt altså:)



Her har eg fotografert ei lita fyrstikkeske. På biletet utan reflektor har fyrstikkeska ei skuggebelagt side. På biletet med reflektor blir lyset som kjem frå venstre side reflektert i reflektoren som står på høgre side. Dermed lyser den opp den skuggebelagte sida på fyrstikkeska.



Slik ser det ut under fotoseansen. Reflektoren må justerast slik at lyskjelda blir reflektert rett/slik du vil i forhold til "modellen". 

Nå er det ikkje slik at eg spring rundt med reflektoren min uansett kva eller kven eg skal fotografere;) Men det kan vere eit kjekt hjelpemiddel av og til.

7 kommentarer:

Refleksjon på livsvegen sa...

Artig tips!
Og skoa var søte :-)

Ha fin veke!

Marie sa...

Liker! :-)

Morgenstemning sa...

Tykkjer om dette!

Unknown sa...

God kveld :)
Du ble vinneren hos meg og kan velge hvilken print du ønsker deg.
Takk for at du ble med!

Beste hilsen Jeanette

Sang Tao - Judith sa...

Hurra!!! Heldige meg:)

Elina sa...

Tack för tipset! :-) Vilken fin blogg du har.

/Elina

Rosa sa...

Takk for tips! Tror jeg trenger et helt fotokurs *ler*

Supersøt blogg du har, kommer snart tilbake:-)

Klem, Rosa