05.01.2011

Ut på eventyr!

For ei stund tilbake las eg eit bloggeventyr på ein blogg eg kom over. Det gjekk ut på å byrje med blogg nr 5 på bloggrollen din, gå videre til blogg nr 5 på denne personen sin bloggroll, osv. I dag tenkte eg at eg skulle gjere det same. Eg kom over mange flotte bloggar, så her er det berre til å kose seg:)


1. Eg byrja med blogg nr 5 i "generelt kreative bloggerar" rollen min. Her møter me Fräulein Klein sin vakre blogg.

Ho skriv på tysk så eg skjønar ikkje så mykje av det ho skriv. Likevel tek ho så vakre bilete, at det er ein av dei flottaste bloggane eg veit om! Herlege feminine bilete. Just the way I like it;) Dersom du var ein av dei som fylgde med i tysktimen, så får du kanskje endå meir ut av bloggen;)



2. Blogg nr. 5 på Fräulein Klein sin bloggroll er faktisk ein norsk blogg. Nemleg Fru Lisa. Ei småbarnsmor som blant anna bloggar om familieliv og renovering av eit hus frå 1916. Og slikt likar me jo! Slikt likar i alle fall eg:) Ho har og ein kjekk "ukesmeny". Så her kan du få middagstips:)



3. Videre finn me Prinsesse Elin. "34 år, mamma og kone, grafisk formgiver av utdannelse..." er noko av det ho skriv om seg sjølve. Det at ho har ei kreativ utdanning viser igjen i bloggen hennar. Fine bilete i ein fin heim!



4. Neste mann (kvinne) ut er Frøken knopp. Ein svensk blogg denne gongen. Ho bloggar mykje om heim, men og ein del om hage og blomar. Flotte bilete av litt landleg/fransk stil.



5. Siste mann på lista er Me and Alice. Dette er svenske Susanne som jobbar som stylist og skribent. Slikt kan det jo berre bli ein knakande flott blogg av! Her får me sjå flotte, inspirerande bilete frå blant anna heimen hennar i Dalarna.

Det var altså mitt vesle bloggeventyr:) Det at eg skulle komme over så mange flotte bloggar trudde eg faktisk ikkje. Her er det mykje flott for auga, så enjoy:)

3 kommentarer:

FruLisa sa...

:-)
Spennende bloggeventyr :-) En god ide for å oppdage nye blogger. Ha en finfin kveld videre.

Yvonne - Frl. Klein sa...

Thank you!!!!!
Big Hugs and a great day,
Yvonne

Anonym sa...

Bra ide :) den likte jeg :)