20.01.2011

Litt fotosnakk- lys

Som eg tidlegare nemnte kjøpte me eit nytt objektiv til kameraet vårt til jul. På grunn av dette har eg vore litt rundt på nettet og lest om ulike fototips. I dag vil eg dele litt erfaringar og tips eg har funne med dykk. Frå ein nybegynnar til ein annan;) Det handlar for det meste om lys, ein avgjerande faktor innan fotografi.

Blitz er ofte eit forhatt ord her i blogglandia. Ein innebygd blitz i kameraet gir ofte eit sterkt lys når ein kanskje ikkje ynskjer det. Om du derimot investerar i ein ekstern blitz, kan du få eit fint og mjukare lys. Trikset er å skyte blitsen opp i taket, mot ein kvit vegg eller liknande, slik at lyset blir reflektert tilbake og gir eit meir spredt lys. Ekstern blitz var det fyrste eg investerte i, og for min del er den blitt eit "must" på mørke haustkveldar. Om du ikkje vil ta deg råd til ein ekstern blitz er eit råd å halde bakepapir eller anna papir framfor den innebygde blitzen på kameraet. Du skal då få eit varmare lys.

Softbox er noko som er nytt for meg, og kanskje for mange av dykk. Det er som ein boks du puttar på blitzen for å "dempe ned" det blendande lyset den kan gi. Du kan kjøpe softbox, men du kan og lage ein sjølv. Gå inn her for sjå korleis. Sjølv har eg ingen erfaring med verken kjøpt eller heimelaga softbox.
Ein annan ting ein kan lage sjølv, som eg heller ikkje har noko erfaring med, er ein fotoboks. Gå inn her for å sjå korleis du kan lage det. Det ser genialt ut, men eg har ikkje tatt meg tid til å lage sjølv.



Ein tredje ting du enkelt kan lage er ein reflektor. Finn ei plate eller eit pappstykke og kle den med sølvpapir, og vips, du har ein reflektor! Plasser objektet/personen du skal fotografere framfor ei lyskjelde(f.eks eit vindauge) og set opp reflektoren på motsatt side av lyskjelda. Slik vil lyset reflektere i plata og lyse opp objektet på den skuggebelagte sida.

Naturleg lys er det som ofte gir det finaste lyset når du tek bilete. Likevel er det ikkje alltid mest mogleg sol som gir best resultat. Konsentrert lys gir ofte eit hardt lys uansett om det kjem frå sol eller blitz. Tek du bilete ute er det ofte betre å ta bilete i skuggen dersom det er sterk sol. Skal du ta bilete inne gjeld det å prøve seg fram: finn ut kvar for ein plass i huset ditt som har godt fotolys og kva for ei tid lyset er best. Finn ein stad der du får lys frå fleire sider/vinklar samtidig. Det vil ofte vere eit rom med fleire vindaug på fleire veggar. Lyse vegger og kvite tak er gode reflektorar og gir lyse, fine bilete.

Det kan vere lurt å slå av alle lampar inne. Utelys og lampar gir ulike lys, så kameraet byrjar å krangle med seg sjølve. Dermed kan det blir feil kvitbalanse i biletet, t.d bilder med gulskjær. Kvitbalanse kan du og fikse på etter at du har tatt bileta. Les meir om kvitbalanse hos Vik Foto.

Bileta er tekne midt på dagen.

Lyssterkt objektiv er objektiv som slepp meir lys inn til kamerabrikka. Dette skjer blant anna ved hjelp av stor blenderopning. Ei blenderopning er som pupillene i auga våre, jo større pupilla er jo meir lys slepp den inn. Slik er det og med kameraet. Jo større blenderopning du har, jo meir lys slepp kameraet inn. Når du har stor blenderopning får du og den fine blury bakgrunnen på til dømes portrett. Hugs at dybdeskarpheten er veldig liten med stor blenderopning, det vil seie at det kan vere vanskeleg å få fokuset der du vil ha det. Bruken av blenderopning er meir komplisert enn dette, men her har eg ikkje kunnskap nok til å uttale meg.  

Bilete teke med stor blenderopning. Berre ein liten del av biletet er skarpt.

ISO. Utan at eg har satt meg skikkeleg inn i det sjølv, kan eg nemne ISO. Dersom du skrur opp ISOen tek kameraet lettare opp det som er av lys i rommet. Når det er lite lys kan du altså skrue opp ISOen, slik at kameraet tek inn mest mogleg av det vesle lyset som er. Ulempa med høg ISO-verdi er at bileta kan bli kornete. Dette blir sjølvsagt betre jo dyrare kamera du har. Dei fleste av oss har sikkert kjøpt den "billegaste" sorten av speilreflekskamera. Eg har lese ei anbefaling om å ha maks ISO 800 om du har eit slikt kamera (eg har Nikon D40).

Lang og kort lukkartid. Lite lys (til dømes inne ved kveldstid) krever lang lukkartid, då blir bileta fort uskarpe dersom det du skal fotografere beveger seg. Dette blir fort eit problem når ein til dømes skal fotografere barn. For at kamera skal bruke rask lukkartid, og dermed gi skarpe bilete, treng det lys. Om ein ikkje har tilstrekkeleg med naturleg lys i rommet kan ein ta i bruk hjelpemiddel som:  stor blenderopning, blitz eller/og høg ISO- verdi.

Når du tek bilete med lang lukkartid er det godt å bruke eit stativ. Då hindrar du rørsle i kameraet, men hugs at det du skal ta bilete av likevel må sitje i ro;) Lang lukkartid blir altså mest brukt for å ta bilete av ting, landskap eller liknande.

Redigering. Det finnes fleire gratis redigeringsprogram som kan vere kjekke. Eg har lenge brukt Picasa, men har i det siste oppdaga PhotoScape og likar det vel så godt. Eg brukar for det meste slike program til å gjere bileta lysare.

Hugs til slutt at bruksanvisninga er der for ein grunn;) Du lærer mykje av å setje deg godt inn i den.

2 kommentarer:

Familien Hegglid sa...

Så nyttig å lese dette blogginnlegget! :)
Takk- nå lerte eg møkje nytt! :)

kirsten ragnhild sa...

Veldig kjekt med foto!