For nokre år sidan trudde eg ikkje at det kunne finnast trend når det gjaldt valg av blomar. Bloggeverda har derimot vist meg nettopp det. For visse namn på blomar har eg faktisk gjennom blogginga lært meg, som: sviblar, pionar, lerkekonglar og syrinar;)
Litt sviblerier frå meg i dag, altså. Du skal ikkje sjå vekk frå at det dukkar opp nokre lerkekongler og etter kvart:) Om eg får tak i då... Desse sviblane er frå i fjor. Sjølv om eg tykjer sviblar er veldig fint, spørs det om det blir noko her i heimen dette året. Det blei litt vel sterk lukt i den vesle stova vår.
Når eg tenkjer meg om så var kanskje grunnen til dette ein veldig ømfintleg og gravid nase? Kanskje det blir sviblar i år likevel..;)
3 kommentarer:
Hei, og takk for hyggelig hilsen på Kitty Paradis.
Jeg synes det er viktig å sette ting i perspektiv fra tid til annen, her vi lever i vår egen lille boble.
Kjempeflott blogg du har du også ;)
Kitty
min favoritt nå me jul!
Sei frå viss du finne nogen lerkekongler ;o)
Svibel e julablom ja, hadde tenkt å kjøpa meg ein idag men de glømte eg visst... får bli i mårå då. :)
Legg inn en kommentar