DET er spørsmålet
Eg kom over denne vakre boka på ein lokal brukthandel her ein dag. Ei gammal, vakker og godt brukt andaktsbok frå 1873.
Eg kjøpte eigentleg boka for å bruke sidene til andre ting. Som i kort, malerier og liknande. No som ho ligg her, er eg i tvil... Er det verkeleg lov å klippe i ei så gammal bok? Men, dersom eg ikkje klipper, kva skal eg bruke henne til då...?
Det som er så kjekt med slike gamle ting, er at boka ikkje berre er ein skatt i seg sjølve. Inni boka fann eg nemleg fleire små skattar som stammar frå den tidlegare eigaren av boka. Som nokre utskjeringar i gamle tapetar og eit lite hefte frå ei takkegudsteneste. Det slikt som gjer gamle ting så spanande:)
2 kommentarer:
Hu Faster syns ikkje du ska klyppa i denne flotta bokje. Enige m deg; d e ein skatt i seg sjøl.:)
Hvis du lese d fusst så e d greit å klyppa litt. :)
Legg inn en kommentar