07.07.2011

Lysestakar blir kvite

På førre loppemarkedbesøk kjøpte eg meg blant anna nokre lysestakar i messing. Dei har eg spraylakka kvite. Eg kjøpte spray på biltema som eigentleg er rekna til felgar... Resultatet blei ok, men kvaliteten er kanskje ikkje det beste. Det skal nok ikkje så mykje til før fargen flassar. Det skal seiast at eg ikkje gjorde noko med lysestakane før eg spaya dei. Eg har blant anna ikkje pussa dei på nokon måte.

Nokon andre som har erfaringar med dette?

Her ser dykk forresten ei som har mala sine svarte. Lekkert det og:)

Ingen kommentarer: