28.01.2011

Award

Eg har fått ein award av Hannemor! Så utruleg kjekt:) Takkar, bukkar og neiar!



Eg har eigentleg aldri forstått heilt dette med awardar, men eg trur det er slik at ein tek imot og gir vidare;) Så skal eg vist svare på nokre spørsmål:

Ta opp næraste bok og slå opp på side 18. Leit fram til linje 4-kva står det der?
Eigentleg var det ei barnebok som låg nærast, men den hadde ikkje 18 sider... Så då blei det boka Sikksakk av May B. Langhelle. Ei bok med tips om korleis ein syr barneklede av brukte vaksenklede. På side 18 er det eit stort bilete, så det får bli frå side 19:
" For det er jo bare fagutdannede med papirene i orden og ordentlig petimetersydamer som vrenger klærne du har sydd, for å sjekke om du har sjusket med vrangen".
Ho meiner altså at det ikkje er så farleg om saumane ikkje er så fine på innsida. Thank you;)

Kva var det siste du såg på TV?
God morgen Norge

Bortsett frå datamaskinen-kva høyrer du akkurat nå?
Tv og fyr i vedovnen.

Kva tid var du sist ute og kva gjorde du då?
Eg var nede på bedehuset og øvde på nokre sangar.

Kva har du på deg nå?
Onepiece....

Kva for ein film såg du sist?
Ein svensk film som heiter "bryllupsfotografen". Koseleg:)

Kunne du tenkje deg å flytte til utlandet?
Njeeei... ikkje slik det er nå i alle fall:)


Awarden gir eg vidare til


Om de vil svare på spørsmåla vel de sjølv;)

1 kommentar:

linn sa...

THANK YOU! :o)