01.12.2010

Julekalender, luke 1

Eg har bestemt meg for å ha julekalender på bloggen min:) Det er dessverre ikkje ein kalender der eg delar ut ting. Meir ein litt egoistisk kalender der eg viser tinga mine;) Eg kjem til å leggje ut eit bilete kvar dag. Til dømes av julekort, ulike handlaga prosjekt eller andre "juleting". Eg vil starte med eit kort. Lilla, sidan det er advent:)


Som de ser har eg brukt litt frå "andaktsboka" mi på dette kortet. Det vil seie at eg valte å klippe i boka... Etter litt fram og tilbake fann eg ut at boka berre kom til å bli liggjande dersom eg ikkje brukte henne. Dessutan fann me ut at det "berre" var ei samling av eit tidsskrift som heitte Bibel- budet, det hadde nok vore litt annleis dersom det hadde vore ein bibel. Så får eg håpe eg ikkje angrar og at eg får nytte for henne:)

1 kommentar:

Familien Hegglid sa...

LEKKERT kort!!
Den boka kommer du til å få såå glede i alle prosjektene dine framover!! Lekre sider - EKTE vintage pynt :)
Flinke du e te å scrappe, Jude :)